
Artikkelen drøftar den nordnorske forsterkaren fette og argumenterer for at opphavet for ordet er substantivet feitt snarare enn substantivet fitte. Ordet vert vidare sett i samband med eit generelt ordlagingsmønster for forsterkarar i nordnorsk der ein -e vert lagt til ein einstava stamme. Argumenta for opphavet i feitt er 1) at forsterkaren særs sjeldan førekjem med vokalen /i/ i trykkstavinga, 2) at fitte-etymologien for e/a-mål tilseier substitusjon av endinga -a med -e, i tillegg til lågning (i → e), 3) at diftongen /ei/ systematisk blir forkorta og/eller monoftongert i nordnorsk (ulikt vestnorsk), og 4) at ‘feit’ som forsterkande element er vanleg i andre varietetar og kontekstar. Opphav i tid vert også diskutert, og det vert peikt på kontakt med svensk som ein mogleg utløysande faktor for at bruken har breidd om seg dei siste par tiåra i nordnorsk slang. Kjeldegrunnlaget for undersøkinga er korpusa LIA, Nordisk dialektkorpus og NoWaC, samt søk på verdsveven og på bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket).
Denne artikkelen diskuterer på kva måtar normavvik i tekstar skrivne av ungdom med nynorsk som hovudmål heng saman med den multilektale konteksten dei lever i. Det empiriske grunnlaget for studien er hovudmålstentamenar skrivne av 67 ungdomsskuleelevar i ein nynorskkommune på Vestlandet, autentiske private meldingar skrivne av dei same elevane og dessutan svara elevane gav på nokre spørsmål som dei fekk gjennom eit spørjeskjema. I tillegg til å kartlegge ulike avvikstypar og avvik som fell saman med høvesvis bokmål og dialekt i hovudmålstentamenane, undersøker studien om ein i tentamenane finn att normavvikande dialektnære former som ungdommane brukar når dei skriv private meldingar til kvarandre. Studien viser at ein klart større andel av avvika i nynorsktekstane til elevane fell saman med den lokale dialekten enn andelen som fell saman med bokmål, samstundes som han gjev indikasjonar på at mange elevar dreg med seg normavvikande former frå den dialektnære skrivinga som dei brukar i private meldingar, når dei skal skrive normert nynorsk.
Undersøkelsen bygger på 3208 diplom fra tidsrommet 1350–1524 med i alt 2806 presens partisipp og viser hvordan partisipp med s-ending fordeler seg morfologisk, kronologisk, sosialt, geografisk og funksjonelt/syntaktisk i materialet. S-suffikset legges til partisipp med de vokaliske endingene -i, -e, -a, -æ og ikke til dativformer som -um. S-formene er svært sjeldne før 1425, men forekomsten øker så stadig resten av mellomnorsk tid. Vi finner mest s-former i diplom fra de høgeste sosiale laga, og derfor er det mer s-former i diplom fra Oslo og Bergen enn fra resten av Østlandet og Vestlandet. Det ser derimot ut til at s-formene i større grad hører til det lokale talemålet i Trøndelag. Når det gjelder bruksmåter, ser vi bl.a. at s-endinga er mindre vanlig i predikative enn i attributive partisipp. Bruken av partisipp på -s i mellomnorsk kan trulig ses i sammenheng med den østnordiske påvirkninga på norsk i perioden.
U 1125 (Krogsta, Tuna parish) is a Proto-Nordic runestone from the Late Roman Iron Age, with seven runes on the B-side and eight visible runes on the A-side. A human figure with raised hands and splayed fingers is carved to the left of the runes on the A-side. The proper interpretation of the runic text has eluded scholars for centuries. In this article I discuss previous proposals from the literature, with a focus on runographic and linguistic issues.
To utgaver av Magnus Lagabøtes landslov ble publisert i sammenheng med det store Landslovjubileet i 2024. Selv om utgavene har mye til felles, er de allikevel nokså forskjellige. Begge utgavene er gitt ut av Nasjonalbiblioteket, den ledende aktøren i jubileumsaktivitetene, og Magnus Rindal har stått sentralt i arbeidet med begge.
I 2020, det første året av pandemien forårsaka av COVID-19 i Noreg, var dugnadsmetaforen ein av dei sentrale metaforane i den offisielle kommunikasjonen frå den norske regjeringa. Han blei brukt til å skildre det å følgje smitteverntiltak, og denne artikkelen studerer korleis metaforen blei brukt av den norske regjeringa i 2020. Artikkelen har kognitiv metaforteori som rammeverk, og viser korleis dugnadsmetaforen fungerte godt i byrjinga av pandemien (våren 2020), men òg korleis effektiviteten til metaforen blei gradvis svekt utover hausten 2020. Denne svekte effektiviteten kan forklarast ved aukande skilnader mellom «koronadugnaden» som regjeringa oppfordra til deltaking i, og ein tradisjonell dugnad, i tillegg til ulike kommunikative behov våren og hausten 2020.
In 2021–2022, archaeologists from the Norwegian Institute for Cultural Heritage Research (NIKU) unearthed twelve small, portable objects with runes or rune-like markings during an excavation in Oslo. The excavation was conducted as part of large-scale archaeological projects linked to the construction of the Follo Line railway from Oslo to Ski, and it was related to the establishment of the new, enlarged Middelalderparken in Oslo. This article provides the first runological and archaeological analysis of the finds and their context. The objects, dating approximately from 1150–1350, contain inscriptions ranging from a few marks to longer and meaningful texts in Old Norse and Latin. The study highlights their significance as written and material evidence, following an integrated approach to runic artefacts as hybrid objects.
Artikkelen tar sikte på å utarbeide ein grammatikkfagleg fundert didaktikk for preposisjonar. Meininga med det er at all fagdidaktikk må funderast i konkret kunnskapsinnhald, og at kvart kunnskapsfelt såleis får sin særskilde didaktikk. Preposisjonsdidaktikken må då springe ut av teoretisk og empirisk kunnskap om preposisjonar. Derfor blir aktuell faglitteratur om preposisjonar brukt for å legitimere didaktikken. I artikkelen blir det skissert fleire preposisjonsfaglege tema som kvar for seg blir forsøkte didaktiserte. Temaa er ikkje uttømmande, men sentrale i den norske preposisjonskonteksten: kategorisering, overordna semantisk og syntaktisk språkteori, empiriske fenomen som bakgrunnsfremjing, geografiske variasjonar, diakrone endringar, lån og til slutt samansette og fusjonerte preposisjonar. Temaa er underordna metakonsepta eller dei grammatiske storsystema figur–bakgrunn-organisering, predikasjon og grammatikalisering. Når preposisjonsdidaktikken blir språkfagleggjord, får han ein eigenverdi og må ikkje kontekstualiserast eller legitimerast gjennom tilgrensande fagfelt, som tekstskaping. Vyane er at ein slik allmenndannande didaktikk skal ligge til grunn for språkopplæringa i morsmålsfaget.
Den foreliggende bok er et resultat av forskningsprosjektet Linguistic Identities ved Universitetet i Stavanger. I løpet av finansieringsperioden 2019–2022 ble det avholdt to symposier. Det første fant sted 12.–13.09.2019 med prosjektnavnet som tittel, og det andre 29.–30.11.2021 under samme tittel med tilføyelsen Spelling, Writing and Identity.
Denne artikkelen presenterer ein innhaldsanalyse av 39 språkpolitiske dokument frå nynorskkommunar og språknøytrale kommunar. Føremålet er å analysere kva dokumenta tek sikte på å regulere, kva som kjenneteiknar kommunal språkpolitikk, og om den kommunale språkpolitikken kan bidra til å realisere språklova (2021). At språklova gav kommunane som offentlege organ eit «særleg ansvar for å fremje nynorsk» (§1), er eit viktig bakteppe. Vi nyttar ulike typar språkplanlegging som teoretisk og metodisk ramme. Analysen syner at språkprofilar og språkbruksplanar er dei to hovudtypane språkpolitiske dokument i kommunane, og ved å skildre desse dokumenttypane syner vi kva som kjenneteiknar kommunale språkpolitiske dokument. Funna i artikkelen viser at mange dokument, og særleg språkprofilar, ikkje realiserer føremålet med språklova. Eit viktig funn er at det er dokumenta som er nyare enn språklova, som i størst grad driv prestisjeplanlegging. Dette kan vitne om at lova har bidrege til at fleire kommunar fremjar nynorsk.
Runstenen Öl 10† från Alvlösa (Smedby socken, Öland) är förkommen, men vi har ett antal avbildningar och viktiga uppgifter om stenen från äldre runforskare, särskilt Johannes Haquini Rhezelius. Läsningen och tolkningen av runtexten på Öl 10† är tämligen säkra, förutom det sista ordet i prepositionsfrasen [eftiR : kinu : fatran]. Henrik Williams ser i [kinu] ett mansnamn Gīna, obl. Gīnu, följt av ett starkt adjektiv i maskulinum ackusativ singularis (-an) som bestämning. Frågan är vilket adjektiv som döljer sig bakom [fatran]. Jag diskuterar tre möjliga hypoteser (alla s.k. *-ró-stammar): fagran ’fager’, ett hypotetiskt *fat(t)ran ’gripande; klok’ och Erik Brates hypotes vitran ’klok’. Den första hypotesen skulle kräva högst betänkliga felristningar eller felläsningar. Den andra hypotesen är formellt och semantiskt attraktiv men saknar relevanta kognater. Den tredje hypotesen har nackdelen att f får stå för w-/v-, vilket visserligen är belagt men i ytterst få vikingatida runinskrifter. Läsningen [fatran] med a-runa för rotvokalen i är också problematisk. Här är det viktigt att lägga märke till att Rhezelius från början verkar ha observerat och ritat av en a-runa med ensidig, inte tvåsidig, bistav. Såvitt jag kan se finns det inga andra tydliga a- eller n-runor av kortkvisttyp på Alvlösastenen. Det är alltså tänkbart att vi här har att göra med en felläsning av en förmodligen skadad eller svårläst i-runa, vilket möjliggör läsningen f1itran med transkriptionen vitran. Av dessa tre hypoteser bör både *fat(t)ran och vitran anses – av olika skäl – vara rimliga lösningar.
Artikkelens tema er lokaldemokratisk forvaltning av skolelovenes målparagraf, belyst gjennom en studie av Vennesla skolestyres behandling av utvalgte språksaker gjennom 70 år. Relevante deler av referatene fra de 756 skolestyremøtene i perioden 1892–1961 utgjør studiens kildegrunnlag. I artikkelen presenteres og drøftes den stegvise innføringa av landsmål som resulterte i at kommunen blei språkdelt i 1908. Før skolestyret fatta sine vedtak, blei lovpålagte rådgivende kretsavstemninger avholdt. Videre dokumenteres og drøftes omkampene om skolemålet som over tid førte til utfasing av landsmål/nynorsk. Allerede i 1919 og 1924 blei riksmål gjeninnført i to kretser, etter gjeldende regler for bindende kretsavstemninger. Men da bokmål blei innført i de siste nynorskkretsene i 1953 og 1961, skjedde det sjøl om skolestyret etter gjeldende lov ikke var bundet av kretsavstemningenes resultat. Artikkelen avsluttes med ei drøftende oppsummering av aspekter ved den lokaldemokratiske forvaltningen av skolelovenes målparagraf gjennom 70 år.
It has often been pointed out that use of abbreviations is characteristic of Old West Norse manuscripts, especially the Icelandic ones. This article deals with the use of abbreviations primarily in Old Icelandic manuscripts in comparison to Old Norwegian manuscripts and also one Old Swedish manuscript. The material consists of digital editions of manuscripts or parts of manuscripts, mostly from the digital archives of Menota and Emroon. The Icelandic manuscripts in this study are from around 1280 to the beginning of the 16th century, while the Norwegian ones are from 1200–1350, mostly from 1270–1325. The Old Swedish manuscript is dated to around 1280. Among the Icelandic manuscripts, a gradual development can be seen over time towards more abbreviation; in the manuscript from 1280, 33% of the words are abbreviated, while in the manuscript from the beginning of the 16th century, 62% of the words are abbreviated. Such a development is not observed in the Norwegian manuscripts, which were, however, written over a shorter period of time. Another tendency is that the degree of abbreviation is lower in poetry, where there is a high proportion of unusual words compared to ordinary prose. A significant regional variation in the use of abbreviations can also be observed. The Icelandic manuscripts are considerably more abbreviated than the Norwegian ones; the former vary between 33–62% abbreviated words, while the latter between 10–26% abbreviated words. Furthermore, the Norwegian manuscripts are more abbreviated than the Old Swedish manuscript examined in this study. This manuscript has 5.6% abbreviated words, which is a significantly lower percentage than in the Norwegian manuscripts.
Artikkelen gjev eit innblikk i den historiske utviklinga til genus og substantivbøying i vossamål, basert på eldre undersøkingar samanlikna med eksperimentelle talemålsdata frå 2022, med 64 informantar i tre ulike aldersgrupper. Artikkelen diskuterer relasjonen mellom genus og substantivbøying og spørsmålet om genus predikerer bøying. Den historiske utviklinga går mot ein tettare relasjon mellom genus og substantivbøyinga ved at det nærmar seg eit 1:1 høve mellom genus og suffiks. Datainnsamlinga frå 2022 viser at det tidlegare så stabile genussystemet er i ferd med å verta ustabilt i hokjønn hjå born og unge deltakarar. 66 % (29/44) av born og unge vekslar mellom hokjønnsartikkelen ai og hankjønnsartikkelen ain føre hokjønnsord, medan substantivendinga i bunden form eintal er stabil. Relasjonen mellom genus og substantivbøyinga endrar seg parallelt med at genussystemet endrar seg.
Artikkelen analyserer fenomenet s-fuge i N+N-sammensetninger i vestnordisk i to steg: norrønt språk brukt i prosaverk og de sørvestnorske talemåla årdalsmål, vossamål, hardingmål og kvinnheradsmål. S-fugen oppsto som en tidligere genitivendelse og ble seinere generalisert i større og mindre grad i de moderne vestnordiske språka ved å erstatte andre genitivendelser. I artikkelen presenteres det funn som viser at s-fugen var til stede i norrønt, og at den ble brukt i flere bøyningsklasser enn tidligere beskrevet. De begrensede forekomstene av s-fugen følger en generell tendens i germanske språk, nemlig å bruke s-fugen for å skille mellom komplekse forledd (avledninger og sammensetninger) og etterleddet. Den samme tendensen finnes i de analyserte norske talemåla, som også beholder andre fuger som tilsvarer de andre genitivendelsene, noe som ligger nærmere situasjonen i færøysk enn i moderne bokmål og nynorsk.
Denne artikkelen behandler to syntaktiske strukturer i norsk som her omtales som akkusativ med infinitiv (AcI) og akkusativ med presens partisipp (AcP), først og fremst i konstruksjoner med verbene finne, se og høre. Artikkelen argumenterer for at presens partisipp (V-ende) i norsk kan ha verbal funksjon, og når bestemte kriterier oppfylles, er det mulig å snakke om en struktur i norsk som har en del til felles med den latinske AcP-konstruksjonen. Artikkelen viser at det er vanskelig å operere med et klart og tydelig skille mellom bruk av infinitiv og V-ende etter persepsjonsverb i norsk og i andre germanske språk. Forskjellene mellom AcI og AcP handler først og fremst om aksjonsart, men det er også viktige strukturelle og semantiske forskjeller mellom dem som blir diskutert i artikkelen.
Previous research has found that Norwegian has one productive sentence-adverbial construction, viz. expressions such as underlig nok ‘strangely enough’. Their constituents are an adjective in the positive indefinite singular neuter and the word nok, originally ‘enough, sufficient(ly)’. Research on Swedish indicates that such sentence adverbials started to appear in the late 18th century, and possible origins have been suggested. This article presents a study of 18th and 19th century texts with the aim of determining the origins of this construction. The evidence best supports a language-internal development from predicate complements of a preceding or matrix clause.
Frå 1951 har det vore slik at den eine redaktøren for Maal og Minne har hovudansvar for norrøn filologi, den andre for nordisk språkvitskap. Professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, Hans Olav Enger, har hatt ansvar for nordisk språkvitskap frå og med 2016, altså for delen om “Maal”, og innsatsen han har lagt ned i tidsskriftet som heile og for det språkvitskaplege stoffet spesielt, er imponerande. Han har vore ein klok, raus og påliteleg redaktør som har styrt tidsskriftet med stø hand og stor fagleg kunnskap. Saman med Novus forlag har han bidrege til å halda tidsskriftet på eit høgt vitskapleg nivå. Bymålslaget og redaksjonen takkar Enger hjarteleg for ein formidabel innsats.
The Syntax of Mainland Scandinavian (henceforth SMS) is a unique and useful reference work. It has the breadth of coverage of a reference grammar, but unlike most reference grammars of languages with established written traditions, it is not primarily designed for students seeking practical mastery of a language. It presents its subject matter as seen through the eye of a linguist rather than through that of a language teacher or learner (in this respect it resembles certain grammars of less well known languages). On the other hand, it steers clear of linguistic terminology for the most part and does not go into detailed analysis, in contrast to the orange Syntax of series of Cambridge University Press (e.g., Höskuldur Thráinsson 2007 or Haider 2010), to take a point of comparison.
The paper discusses the geographical sacralisation that seems to be present in sixteenth- and early seventeenth-century maps of the land and seascapes around Bergen on the Norwegian west coast. The hagiotoponyms may represent foreign mapmakers’ misconceptions when faced with unfamiliar and incomprehensible local place-names. That is, the toponyms’ original meaning may have been secular and the origin Norse. Alternatively, the maps may correctly reproduce and preserve medieval sacral place names, of which meaning subsequently has been lost. The toponyms that are discussed are Sotra, Krossfjord and Lyse, which may be linked, respectively, to the prominent medieval religious institutions of the region, the Benedictine Munkeliv Abbey, the Cross Church of Fana and the Cistercian Lyse Abbey.